top of page

Gratis Konsert GETE

Sat, Aug 17

|

Kvadraturen

Gete er eit visepop-band som skildrar små og store tankar frå livet som ung vaksen i den store verda. Tekstane på sjarmerande mandalsdialekt rommar både gode og vonde dagar, og det musikalske universet bandet skaper, er prega av pop, blues, rock og folk, og kler kvar låt i si rette drakt og stemning

Tickets are not on sale
See other events
Gratis Konsert GETE
Gratis Konsert GETE

Time & Location

Aug 17, 2024, 7:00 PM – 11:00 PM

Kvadraturen, Dronningens gate 52, 4608 Kristiansand, Norge

Guests

About the event

Gete er eit visepop-band som skildrar små og store tankar frå livet som ung vaksen i den store verda. Tekstane på sjarmerande mandalsdialekt rommar både gode og vonde dagar, og det musikalske universet bandet skaper, er prega av pop, blues, rock og folk, og kler kvar låt i si rette drakt og stemning. Hausten 2020 gav dei ut fem singlar, og fekk terningkast 5 av NRK Sørlandet. Lang versjon: Visepop-bandet Gete kombinerer det nære og ærlege frå visetradisjonen med eit moderne lydbilde prega av pop, blues, rock og norske folketonar. Med inspirasjon frå artistar som Erlend Ropstad, Gåte og Kaizers Orchestra riv Gete deg med gjennom eit spekter av musikalske stemningar, og tilfører den sørlandske musikkscenen nytt krutt. Store og små tankar og erfaringar frå livet som ung vaksen i den store verda kjem til liv gjennom tekstar på mandalsdialekt, og låtskrivar og vokalist Margrete Wilhelmsen lar deg komme heilt tett på – ingen filter, ingen forstyrringar. Det musikalske universet bandet saman skaper, rommar både det vare og gjennomsiktige og det rocka og komplekse. «Det var en varm glede å oppleve hennes egne låter og tekster – på sjarmerende mandalsdialekt! Margrete og bandet er svært dyktige, og leverer en hjertevarm konsert med sterk og vakker vokal, gode tanker mellom låtene – og en flott tilstedeværelse.» – Sheila Simmenes, prosjektleder for Sommer i Kilden 2015. Gete starta hausten 2013 å jobbe fram det røffe, men au nære uttrykket som kjenneteiknar dei. Musikken er prega av spennande tonespråk og full av små, finurlege detaljar, samstundes som tekstane, som er på mandalsdialekt, alltid står i fokus i formidlinga. Sidan Gete starta, har dei spelt på stader som Uhørt og utestaden Kulturhuset i Oslo, Sommer i Kilden i Kristiansand og Solbergfestivalen på Sunnmøre. Hausten 2020 gav dei ut fem singlar, og fekk terningkast 5 av NRK Sørlandet. No jobbar dei med å ferdigstille albumet “Tynn is”. Linkar Gete | Spotify Gete musikk - YouTube Gete - Home | Facebook Gete (@getemusikk) • Instagram photos and videos

Share this event

bottom of page